Er ikkje Tønsberg i Hardangerfjorden, seier du? Eg var neppe den einaste som vart overraska over Marvel sin lettfeldige behandling av Noreg og dei norrøne mytene i Thor.

Om den islandske animasjonsfilmen Tor med hammeren er laga for å gjere saken klarare eller for å kapitalisere på mediastormen rundt norrøn tru skal eg ikkje spekulere i, men den er i alle fall nærare kjeldene – og hakket meir sjarmerande.

Frå Valhall til Helheim

Tor er ein oppvoksende smedlærling med ein draum om å bli kriger. Ettersom Odin er far hans skulle ein tru at han hadde genene for det, men allfaderens avvisande haldning har ført til at Tor har vakse opp i ein ganske roleg kvardag.

Men ved ei tilfeldigheit kjem Tor over den snakkende hammeren Mjølner, som han overraskande nok ikkje er den einaste som vil ha tak på. Ferdia vidare tek oss frå Valhall til Helheim, og innom mange kjende namn frå den norrøne mytologien.

Standardisert historie – med sjarm

Sjølve historia er ganske standardisert, den unge helten som kjempar seg frå små kår til stor krigar har me sett før i mange versjonar – i alt frå Hercules til Star Wars. Dei gode er gode, og dei onde er onde, og lite leggast i mellom for å vise dette. Men filmen er ispeidd såpass mykje humor og artige detaljar at det ikkje gjer noko.

Med 7-års-grensa er nok Tor med hammeren hovudsakleg tiltenkt dei yngre kinogåarane, men dette vart absolutt noko som spente mine lattermusklar óg.

(Anmeldelsen fortset under biletet)

Tor, jotnene kjem! (Bilde: Nordisk Film Distribusjon AS)

Samspelet mellom den modige, snartenkte Tor, og den bråkjekke sidekicken Mjølner er det beste med filmen, men verda er fylt med karakteristiske biroller som bringer mykje til universet rundt dei. Dei norske stemmene er gode, sjølv om lyden ikkje alltid stemmer overeins med munnrørslene til figurane.

Litt ujevn teknikk

Det er lett – og kanskje litt urettferdig – å trekkje samanlikningar til Dreamworksfilmen Dragetreneren. Eventyrsettingen har mykje av det same visuelle uttrykket – karikerte og uproposjonerte hus og figurer.

Diverre er den ikkje like jamt god som ein bør vente av ein animasjonsfilm på kino no til dags. Eit fåtal scener er tydeleg ikkje like godt gjennomarbeida og ser nesten uferdige ut på lerretet. Men til gjengjeld – dei aller fleste scenene er vakkert sydd saman, og har eit herleg produksjonsdesign.

Islendingane i det forholdsvis ferske animasjonsselskapet CAOZ leverar ein god søknad for framtida, og ein film som det er fullt mogeleg å ta med yngre samfunnsmedlemmer på. Anten opplevinga er for ungane si skuld, eller rett og slett som ei unnskulding til å sjå ein artig film.

Om FILMEN

Tor med hammeren
  • Tor med hammeren
  • Slippdato: 11.05.2012
  • Regi: Óskar Jónasson
  • Utgiver: CAOZ
  • Originaltittel: Hetjur Valhallar - Þór
  • Sjanger: Animert, Barn, Eventyr, Komedie